Bryllaup

restaurant strek

Bryllaup

La din draum bli vår utfordring. Ta fri på denne viktige dagen for brurepar og familie! Når vi tek oppdraget blir dykkar oppgåver avgrensa til val av meny, bordoppsett og bordplassering. Meny er under endring...

  • Visste du at vi inviterer til gratis prøvesmaking av bryllaupsmeny?
  • Visste du at bruresuiten er inkludert?
  • Visste du at lokale for kaffi og kaker og dans også er inkludert?
  • Visste du at vi har grupperabatt?
  • Visste du at vi har deilig badehus med SPA?

Vi dekker fint bryllaupsbord i hestesko, E-bord eller kambord etter ditt ønskje. Eller kanskje du vil ha runde bord? Yndlingsfargar i blomar og pynt tek vi sjølvsagat omsyn til. Vår lidenskap for borddekking skal du som gjest til fulle få nyte. Vi kan ordne kulturinnslag under middagen, alt etter ønskje og interesse.

  • Vi lagar til gåvebord og kaffi/kakebord
  • Vi opnar baren og held den open fram til 02.00
  • Kjøkkensjef og hans stab garanterer den beste kvaliteten på middagen
  • Trena servitører syter for smertefri servering
  • Våre koselige lokale er ei god råme for eit hyggeleg og minnerikt bryllaup

Vi anbefalar  bryllaupspakke  som inkluderer aperitiff, middag, vinpakke, pynting, alt av lokalleige og bruresuite.

Vi har grupperabatt

  • 3% ved meir enn 50 middagsgjestar
  • 5% ved meir enn 75 middagsgjestar
  • Barnerabattar 0-3 år gratis. 4-6 år kr. 100,-. 7-12 år halv pris.

Bryllaupsarrangementet startar med ein telefon eller e-post til Nordfjord Hotell: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller tlf. 57 86 33 33.

 

Bryllaupspakken

Bryllaupspakken kostar frå kr 725,- pr. person avhengig av menyvalg, og inkluderar;

  • Gratis prøvesmaking av meny for inntil 4 personar
  • Brudesuite
  • Musserande vin eller sherry til aperitiff (evt. alkoholfritt alternativ)
  • 3 eller 4 rettars meny med kaffi
  • Vinpakke med 3 glas husets kvit/raudvin eller tilsvarande drikke
  • Lokale for gåvebord og bordoppsett for kaffi og kakebuffet
  • Kaffi og medbrakte kaker
  • Lokale for dans
  • Alt arbeid med dekking, servering, rydding, buffetar og oppvask

Bryllaupspakke 1

Forrett

Valg av krema suppe (soppsuppe, blomkålsuppe, skaldyrsuppe eller aspargessuppe)
Blir servert med heimelaga skuffebrød og smør

Hovudrett

Tradisjonell steik med tradisjonelt tilbehør.
Du kan velge kalv, lam, okse elelr svin.

Dessert

Heimelaga vaniljeis
Bringebærsorbet, pikekyss og tørka jordbær

Bryllaupspakke 3 pris kr 725,-


Bryllaupspakke 2

Forrett

Frisk rødbetsalat gratinert med chevre frå Haukeli
Blir servert med sprø salat med basilikumolje, krutongar og steikt purre

Hovudrett

Rosasteikt heilsteikt indrefilet av okse
Blir servert med jordskokk, persillerot, brokkoli, Hasselbackpotet og madeirasaus

Dessert

Heimelaga kvit sjokoladepudding med pæresorbet og bærcoulis

Bryllaupspakke 2, pris  kr 780,-


Bryllaupspakke 3

Suppe

Skogsoppsuppe

Forrett

Gratinert sjøkreps med avocadomousse, sherrytomat og sylta eple

Hovudrett

Heilsteikt kalveentrecote
Serverast med grilla løk, estragonkrem, rotgrønsaker, skysaus og råsteikte poteter

Dessert

Skyr pannacotta med skogsbærsorbet og kvit sjokoladekonfekt

Bryllaupspakke 3 pris kr 810,-


Tillegg

  • Evt. oppgradert vinpakke
  • Evt. dansemusikk
  • Evt. nattmat
  • Evt. barbongar
  • Brurebukett (vi anbefalar vår leverandør av friske blomster, Hildenes Gartneri)

Matallergiar

Vi oppmodar om at vi får informasjon om eventuelle matallergiar på førehand slik at vi kan førebu alternativ.

Nattmat

Betasuppe og rundstykker, kr. 125,- pr. person

NORDFJORD HOTELL

Nordfjord Hotell er eit Rica Partner Hotell og har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har restaurant med eit godt kjøkken, bar, ny og moderne møteromsavdeling for inntil 250 personar samt nytt badehus med SPA og treningssenter. Hotellet har heis.

KONTAKT OSS

Rica Partner Nordfjord hotell

6770 Nordfjordeid

  • 57 86 33 33
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
  • Booking av rom


FINN OSS PÅ KARTET