Om Myklebustskipet
Om Myklebustskipet
Dei store norske skipsgravene frå vikingtida er unike i verdssamanheng.
Myklebustskipet frå Nordfjordeid på Vestlandet er kanskje det største vikingskipet som er funne spor av i Noreg, med ei estimert lengd på over 30 meter.
Myklebustskipet vart greve ut av «Rundehåjen» på garden Myklebust på Nordfjordeid i 1874, fleire år før Gokstad (1880) og Oseberg (1904). Myklebustskipet skil seg frå Oseberg- og Gokstadskipet ved at det vart brent ved gravferda. Skikken med å brenne skipet ved gravferda var typisk for Vestlandet på 700- og 800-talet. Myklebustskipet er både den siste og den største branngrava vi kjenner frå vikingtida.
Dimensjonane på Myklebustskipet kjenner vi mellom anna gjennom askelaget som vart funne i gravhaugen, som er 30 meter i tverrmål og fire meter høg, med ei brei vollgrav rundt (vollgrava vart gjenfylt på 1800-talet).
Det er grunn til å tru at det er Kong Audbjørn av Fjordane som ligg gravlagd i Myklebustskipet. Han er omtala i sagaen, og fall i slaget ved Solskjel på Nordmøre i år 876. Det passar godt med dateringa av funna i gravhaugen.
Røynde båtbyggjarar frå Bjørkedalen i Volda starta hausten 2016 å byggje det nye Myklebustskipet slik vi trur skipet kunne sett ut. Bygginga skjer i ein hall ved fjorden på Nordfjordeid – rett ved der Sagastad skal stå ferdig i 2019, og ca 300 meter frå der skipet vart funne. Hallen vil bli opna for publikum på faste tidspunkt i byggjeperioden, slik at ein kan sjå skipet bli til.
Når Myklebustskipet vert sjøsett i 2019, kan vi som dei fyrste sidan Kong Audbjørn og hans menn for 1.150 år sidan, oppleve å segle på Nordfjorden i Noregs mektigaste vikingskip.